Njardar / Tysnes I.L

Njardar / Tysnes I.L Njardar/Tysnes. Fotballen på Tysnes. Her finn du: Info fra din trenar, treningstider, nyheter, kamp-info og diverse anna om fotballen på Tysnes

Njardar J14 er klar for finalen i Hordalandscupen etter 5-1 siger mot Søreide/ Gneist.Ein solid lagprestasjon, inkludert...
30/09/2026

Njardar J14 er klar for finalen i Hordalandscupen etter 5-1 siger mot Søreide/ Gneist.
Ein solid lagprestasjon, inkludert ein svært god Njardar keeper - Signe M🤩👏

Mål: Ellinor x2, Frida x 2, Victoria M.

Me håpar å sjå mange Njardar supportere i Vestlandshallen 31.oktober, meir info kjem!

Nb! Sjå video i kommentarfeltet av Ellinor sitt straffemål i andre omgang og frispark som såg innøvd ut, men jentene seier dei avtalte der og då👏

I veke 40 kan du få med deg tre heimekampar på Reiso💛⚽️🖤📆 Tysdag 29.september kl.18.30 møter J19 Bergen Nord 📆 Onsdag 30...
27/09/2026

I veke 40 kan du få med deg tre heimekampar på Reiso💛⚽️🖤

📆 Tysdag 29.september kl.18.30 møter J19 Bergen Nord
📆 Onsdag 30.september kl.18.30 møter J14 Søreide/Gneist i semifinalen i Hordalandscupen
📆 Laurdag 3.oktober kl.11.00 møter G10 Selbjørn turbogul

Kom på kamp 🤩💛⚽️🖤👏

I kveld var det duka for lokaloppgjer på Reiso då Os var gjester. Osingane hadde ballen mest, men Njardar var mest effek...
24/09/2026

I kveld var det duka for lokaloppgjer på Reiso då Os var gjester. Osingane hadde ballen mest, men Njardar var mest effektive.
Hattrick av Jonas HL gjorde at Njardar leia 3-2 til pause. Ti minutt ut i andre omgang la Benjamin på til 4-2.
Os pressa på, men beinhard jobbing og laginnsats gjorde at a-laget sikra seg nok ein viktig siger i haust.

Denne ligg i eine innbyttarskuret på kunstgrasbanen dersom nokon savnar den.
24/09/2026

Denne ligg i eine innbyttarskuret på kunstgrasbanen dersom nokon savnar den.

20/09/2026

Oversikt kampar veke 39:

📅 torsdag 24.september møter A-laget Os3 kl.18.30
📅 laurdag 26.september møter J10 Kråkenes stars kl.11.00 og kl.15.00 møter G14 Fitjar

Elles er det ein del bortekampar som blir spelt.

Vel møtt på Reiso ⚽️

Det unge a-laget tok ein svært viktig siger borte mot Fana fredag kveld. Begge lag hadde fleire sjanser i 1.omgang, men ...
18/09/2026

Det unge a-laget tok ein svært viktig siger borte mot Fana fredag kveld. Begge lag hadde fleire sjanser i 1.omgang, men 0-0 til pause.
To minutt ut i 2.omgang får Njardar straffe som Jonas Hagen-Lunde set sikkert i nota. Njardar køyrte på vidare og produserte mykje offensivt, men utan utteljing.
Siste kvarteret kom Fana veldig med og pressa stort for utlikning. I staden kontra Njardar på overtid. Olav lurte av mannen sin, og la ballen roleg på tvers til Marcus som kom i hundre og breisida inn 2-0.
Herleg innsats av gjengen!

17/09/2026

Fredag 18.september får me møblar levert til klubbhuset mellom kl.16-22. Dersom nokon har anledning til å hjelpa å få desse inn i måro, gi gjerne ein lyd til Solfrid, tlf. 92634172😃 Det same gjeld om nokon har lyst å montere nokre hylle reoler, eit bord og få sofaen klar 😎 (Enten i løpet av helga eller neste veke).

13/09/2026

Ei litt roleg kampveke i veke 38:
📅Torsdag 17.september kl.18.00 speler J12 mot Bjarg City, kunstgras og kl.18.15 speler G16 mot Olsvik/ Kjøkkelvik/ Loddefjord 4, gras
📅 Søndag 20.september kl.13.00 speler G11 mot Øygarden Ødegaard

Vel møtt på kamp ⚽️

Njardar J12 hadde ein flott kamp mot Nymark i dag. Dei viste godt samspel, mykje innsats og ikkje minst stor speleglede....
12/09/2026

Njardar J12 hadde ein flott kamp mot Nymark i dag. Dei viste godt samspel, mykje innsats og ikkje minst stor speleglede. Kjekt å sjå korleis dei heiar på kvarandre og gir alt på banen– ei skikkeleg flott J12-gruppe⚽️💪🏻

12/09/2026

Njardar J14 vidare til 3.runde I Hordalandscupen etter ein solid 3-0 siger over Fyllingsdalen 🎉⚽️

Adresse

Reiso
Uggdal
5685

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Njardar / Tysnes I.L legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Njardar / Tysnes I.L:

Snarveier

Del