24/09/2026
Strengnytt frå BueBua 🎯
Dei siste månadane har eg brukt ein enorm del av tida mi på å bygge handlaga buestrengar, og siste halvdel av sommar og fram til no har det verkeleg toppa seg. Det er heilt rått!
Strengbygging har alltid vore noko eg har prioritert å få til for å sikre folket norske "custom" buestrengar – men det har også byrja å gå utover kapasiteten andre stader i BueBua.
For å sikre at eg kan halde servicenivået oppe slik de er vane med, tek eg difor nokre enkle grep 😊
Den neste tida vil strengar primært bli skaffa gjennom leverandørane våre – mellom anna America’s Best Bowstrings, GAS og Reign – i staden for at alt blir laga av meg frå botnen av. For å gjere strengbestilling enno enklare, jobbar eg med ein ny måte å bestille strengar på, rett i nettbutikken. Kjem med beskjed når denne er klar! Inntil då, bestill gjerne per e-post.
Dette betyr ikkje at strengbygginga forsvinn heilt. Eg kjem sjølvsagt framleis til å lage ein og annan streng ved særlege behov. Men BueBua har blitt så travel at dersom eg skal kunne drive dette åleine – noko som er heilt nødvendig for å få økonomien til å gå rundt i denne bransjen – må eg rett og slett bruke tida der ho gjer mest nytte, for å kunne rekke å hjelpe flest mogeleg av dykk på eit så godt vis som mogeleg.
Så på strengfronten går eg, i alle fall for ei stund, litt meir frå produksjon til innkjøp. Det gir meg meir tid til kundar, verkstad, ordre, rådgjeving og alt det andre som skjer gjennom ein vanleg dag i BueBua 😊 Og GAS, ABB m.fl. er blitt fantastisk gode strengar. Går ikkje an å få det stort betre enn det.
Og når me fyrst snakkar om strengar: Ver ute i god tid!
Rådet vårt har alltid vore å ha eit ekstra sett strengar liggande klart til bua. Ein veit aldri kva som skjer – eller når det skjer. Det einaste me veit sikkert, er at det aldri passar når det fyrst skjer 😅
Takk for forståinga – og ikkje minst: Takk for at de held BueBua så travel! 🙌
Biletet er for oppmerksemd 😄