Kristtornskogen Golfpark - Stord

Kristtornskogen Golfpark - Stord

Del

Kristtornskogen Golfpark på Stord, distriktets fyrste Pitch & Putt golfbane. Me ønskjer Dykk hjarteleg velkomen til ei golfoppleving litt utanom det vanlege.

Bana ligg i naturskjøne omgivnader ca 2 km frå Leirvik sentrum, i umiddelbar nærleik til Aker Stord. Dei 9 hola (2 utslag per hol) som bana består av strekk seg frå 29 – 77 m, og er både kjekke og utfordrande å spela.

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 26/08/2026

T-Tour 13 -Resultater⛳️

Gratulera til Vidar Steinsland som viste seg best på både brutto og nettoscore denne runden, der tot. 26 stk håpefulle nytta finaveret til konkurranse i nærspel🏌🏽‍♂️Vidar gjekk ein flott runde på -2 brutto og -4 netto🥇

Knut Haukefær begynner også å finne formen, han tok 2. Plassen på nettoscore med ein runde på -2🥈

Jonny Larsen og Pearlyn Zar enda begge nettoscoren sin på PAR og delte med det tredjeplassen🥉

Vinnere av gavekort fra Pizzabakeren Stord denne runden, vart Vidar Steinsland og Arne Strandenes🍕 Gratulere!

Ny runde av t-tour torsdag 27/8, med fellesstart kl. 11:00 og 17:00.

Vel møtt☀️

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 25/08/2026

Onsdagstour 13 -Resultater🥏

Det begynner å minke på turneringene denne sesongen, samtidig som det tetter seg til i tet samanlagt i årets Onsdagstour.

Ole Magnus Fauskanger kasta seg inn til ein god runde då han tok seg heilt til topps i denne runden🥇 -4 kast gjorde til at han fekk stryke ein +2 runde i samandraget, der dei 10 beste av 17 turneringer teller.

Like bak med, eit kast meir, finn me Henrik Junge🥈 Mannen som vunne samanlagt kvart år sidan oppstart, blir i år hardt pressa av Ole Magnus Fauskanger og Simen Mjelva. Sistnevnte leiar samanlagt med eit snitt på 52,4 kast på dei 10 beste rundane, men Ole Magnus (52,7) og Henrik (52,8) er fullt med i kampen om førsteplassen då det gjenstår 4 turneringer.

Torgeir Johannesen gjekk personlig årsbeste med sin runde på 57 kast (-2) og tok med det 3. plassen denne runden🥉

Pizzavinnere vart Ole Magnus Fauskanger og Thomas Hystad -Dei kan hente seg stor pizza fra Pizzabakeren Stord! 🍕

Neste turnering er kommande onsdag, 26/8 kl. 17:00

Meld dykk på i Metrix: https://discgolfmetrix.com/3766299

Takk til alle som deltok🤩

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 19/08/2026

T-Tour 12 -Resultater⛳️

Ein mesterrunde av den rutinerte Oddvin Flornes, sette tidlig standarden i runde 12 av årets t-tour. Den frittalande tysnesingen gav seg ikkje før det stod -6 (48 slag) på scorekortet og med sine 3 slag i hcp, enda Oddvin på heile -9 slag netto!🏌🏽‍♂️ Det holdt til klar siger i turneringa 🥇, føre Jonny Larsen frå Bømlo, han enda på -2 slag netto🥈

Morten Hillestad har omsider flytta heim frå Stavanger for å satse meir på Pitch and Putt, og satsinga berer allerede frukter. -1 på netto holdt til 3. plass i turneringa🥉og viser at han allerede speler bedre enn sitt eige handicap🏌🏽‍♂️

Pizzavinnere denne veka vart Oddvin Flornes og Geir Ove Rydningen🍕

T-Tour 13 har fellesstart torsdag 20/8 kl. 11:00 og 17:00. Ein kan spele turneringa t.o.m søndag 23/8, vel møtt!

Metrix 19/08/2026

Onsdags-Tour 13🥏

Ny runde av onsdagstour i ettermiddag kl. 17:00.

Meld dykk på i Metrix: https://discgolfmetrix.com/3759133

Vel møtt!

Metrix Møt opp i god tid, kr. 100,- ikkje-medlemmer, kr. 50,- medlemmer. Registrering i Proshopen før start.

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 16/08/2026

Onsdags-Tour 12, resultater🥏

Første turnering i Kristtornskogen etter ferien vart kasta i gang på onsdag og til start stilte 14 stk.

Simen Mjelva🥇, Khiem Nguyen🥈 og Henrik Junge🥉 tok dei tre første plassene med scorer på -7, -6 og -4 kast.

Pizzavinnere vart Henrik Junge og Khiem Nguyen🍕

Ny turnering kommande onsdag kl. 17:00!

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 13/08/2026

Flotte forhold under første fellesstarten i T-Tour 12 som startet kl. 11:00 i dag. 6 stk stilte til start.

Ny fellesstart kl. 17:00 i ettermiddag⛳️🏌🏽‍♂️

Metrix 10/08/2026

Onsdags-Tour og T-Tour 🥏🏌🏽‍♂️

Hei!

Onsdag 12/8 kl. 17:00 er me i gang igjen med Onsdags-Tour, dette blir turnering nr. 12.

Meld dykk på i Metrix: https://discgolfmetrix.com/3749086

Torsdag 13/8 kl. 11:00 og 17:00 er me i gang med T-Tour i Pitch and Putt, også turnering nr. 12 av tot 17.

Vel møtt!

Metrix Møt opp i god tid, kr. 100,- ikkje-medlemmer, kr. 50,- medlemmer. Registrering i Proshopen før start.

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 09/08/2026

Hei!

Her kjem invitasjonen til årets NM i Pitch and Putt på Bryne, helga 5. og 6. September ⛳️🏌🏽‍♂️

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 02/08/2026

Nyfriserte greenar og ellers flotte golf-forhold i Kristtornskogen i dag! ⛳️🏌🏽‍♂️

Fotballgolf samt Frisbeegolf er også to flotte alternativ til aktivitet i dag ⚽️🥏

Photos from Kristtornskogen Golfpark - Stord's post 06/07/2026

Udnadalen Open /Vestlandsmeisterskapet 2026⛳️

Ein FANTASTISK sundag i Kristtornskogen som attpåtil skulle krones med norsk🇳🇴 2-1 siger over Brasil🇧🇷 seinare på kvelden, er historie.

29 nydelige deltakarar lagde ei fantastisk ramme rundt turneringa i Kristtornskogen,med smittende humør, lause smil og masse flott pitch and putt over 2x18 hol🏌🏽‍♂️

Flotte premier låg i potten, der i blant gavekort frå Bakeriet Frugård og weekendtur til Bryne Kro og Hotell. Det var spel på både nettoscore (handicap) og bruttoscore (slag) og me startar med nettoscore:

Skiftande kven som leia undervegs på runde 1, men Oddvin Flornes frå Tysnes kunne eta pizza frå Pizzabakeren Stord i lunsjen, vel vitende om at han leia, 1 slag føre Mindur Brundtland og 2 slag føre Bjart Myhre på ein foreløpig tredje plass. Denne trioen danna også siste flight ut på siste runde.

Etterkvart som sisterunden minka for hol, skulle Declan McDonnell komme bakfra og ta over leiinga, saman med Torben Carlsen. Med eit hol igjen å spele og 3 slag å gå på til ein trio som delte 2.plassen på PAR, hadde Declan Bryne-turen godt ned i golfbagen -Men med trippel på siste hol var brått forspranget utligna av trioen bestående av Vidar Steinsland, Torben Carlsen og Per Asgeir Ottesen. Det var tid for omspel mellom 4 mann på hol 18.

I omspel øyna Vidar Steinsland muligheten. Han gav seg sjølv ein birdie-mulighet på green og sette putten. Då dei tre andre måtte nøye seg med par, kunne Vidarguten sleppe følelsene laus og stikke av gårde med Bryne-turen! 🤩

Ein Vestlandsmeister skulle også kåres og her var det bruttoscore som gjaldt.
Anders Langeland leia etter første runde med ein runde på 3 slag under banens par. Oddvin Flornes, ringreven frå Tysnes viste sin klasse og la seg fint til i angrepsposisjon, 2 slag bak Anders. Arne Strandenes var også med i kampen om tittelen med ein første runde på par.

Å spele 36 hol på ein og same dag er ein utholdenhetstest både fysisk og mentalt for mange.
Med birdie på opningsholet på runde 2, festa Langeland tidlig grep om første plassen. Med tot 3 birdies og 3 bogeys på siste runde, landa Langeland runden på PAR og vant med det turneringa med komfortable 7 slag ned til neste mann🏆

Forandringer på lista skulle derimot forekomme bak Langeland.
Då Flornes begynte å gå tom for krefter skulle Strandenes feste grep om sølvplass. Den holdt frem til siste hol, då Strandenes bestemte seg for å teste ut bunkeren på hol 18. Ein dårlig idé på dette stadiet av turneringa og med 7-er på kortet på siste hol, låg alt til rette for dei som kom bakfra. Vidar Steinsland takka og bukka for muligheten og greip den med begge henda. Han stakk av med andre plassen, lik score som Torben Carlsen (tredjeplass), men Vidar med beste 2. Runde.

Anders Langeland kan med det smukke seg med tittelen «Vestlandsmeister», Udnadalen Open -vandrepokal samt eit gavekort frå Bakeriet Frugård på kr. 1200,-🥇

Med sin 2. Plass sikra Vidar Steinsland seg eit gavekort frå Bakeriet Frugård på kr. 800,-🥈

Torben Carlsen drar heller ikkje tomhendt heim frå Kristtornskogen, han sikra seg eit gavekort på kr. 500,- for sin 3. plass, som han kan bruke hos Bakeriet Frugård🥉

To stk gavekort på kr. 500 frå Bakeriet Frugård vart også trekt blant alle deltakarane etter turneringa, Karl Henrik Skulstad og Anders Halleraker vart heldige vinnarar av desse🤩

Morten Hillestad klarte kunststykke «hole in one» på hol 3 ⛳️🏌🏽‍♂️ Gratulera!

Takk til alle som deltok i turneringa både på og utanfor banen 🙏

Takk til Egil Espeland som stilte med kaka og opererte som undercover fotograf (sjå bilete) i felten🙏

Takk til Bakeriet Frugård som stilte med gavekort til turneringa for ein verdi av kr. 3500,- 🙏

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Stord Island?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse


Udnadalen 5
Stord Island
5411