Hardanger Trening

Hardanger Trening Me hjelper deg på veg til betre form = betre helse = betre kvardag! Start i dag! Velkomen! Våre nettsider: http://www.hardangertrening.no

🎀 ROSA OKTOBER PÅ HT 🩷I oktober køyrer me GOD PULS for ei GOD SAK og samlar inn pengar til Kreftforeningen.Laurdag 17. o...
03/10/2026

🎀 ROSA OKTOBER PÅ HT 🩷
I oktober køyrer me GOD PULS for ei GOD SAK og samlar inn pengar til Kreftforeningen.
Laurdag 17. oktober kl. 11.00 fyller me spinningsalen med rosa stemning, god musikk og god puls 🚴
Timen er open for alle – også dei som ikkje er medlemmer på HT.
👉 Lenke til påmelding på spinning og til innsamlinga finn du i kommentarfeltet under.
Bli med om du kan – og del gjerne med nokon som burde sikre seg ein sykkel 🎀
God puls 🩷 God sak.
https://fundraising.kreftforeningen.no/fundraisers/god-puls-for-ei-god-sak

25/09/2026

HEIA ANETTE! ❤️💪
På søndag skal vår PT Anette i aksjon på HYROX 🔥
Me synest det er skikkeleg rått – og me er stolte av deg, Anette!
Sterk, tøff og klar for utfordringa.
Heile Hardanger Trening heiar på deg! ❤️🖤
Lukke til – køyr på!

PS. I linken her kan de fylgje med på Anette Tyssebotn ved å søke på etternavnet hennar: https://results.hyrox.com/season-9/?fbclid=IwY2xjawUjM9NleHRuA2FlbQIxMABwZG9mBWJyaWQRMXcyNHlIYXhMd3A4dVp1cjRzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEe2yCiM4ftlVBLbWvAzhjh5IwrXtWMJnY8VkMTYWmNNRNPBJtxKeteRswDklM_aem_GITSz_yh2yGK6rzIVFQxgA

24/09/2026

FOR EIN GJENG DE ER!💪😄👏

Fredag formiddag = gruppetimar på HT! ❤️Start fredagen med ei skikkeleg god treningsøkt – eller kombiner fleire og få fu...
10/09/2026

Fredag formiddag = gruppetimar på HT! ❤️

Start fredagen med ei skikkeleg god treningsøkt – eller kombiner fleire og få full pakke! 💪
Styrke, kondisjon, rørsle, musikk og god stemning – saman med andre.

På fredag formiddag kan du velje mellom HT STERK30, Aerobic og Dans30, SYKKEL BAKKE30 og SMIDIG30.

Jane og Anette står klare til å ta imot deg – uansett om du kjem for å bli sterkare, få opp pulsen, bli litt smidigare eller berre få ein skikkeleg god start på dagen ❤️

👉 Meld deg på i appen – me sjåast på HT!

Me har mista ein på laget ❤️Det er nesten ikkje til å forståOlav er borteHan vart ein del av Hardanger Trening i 2007, o...
29/08/2026

Me har mista ein på laget ❤️

Det er nesten ikkje til å forstå

Olav er borte

Han vart ein del av Hardanger Trening i 2007, og i snart 20 år har han vore kollega, tilsett og ven. Men eigentleg blir alle dei orda litt for små. For oss har Olav vore som familie. Ikkje den familien ein tilfeldigvis blir fødd inn i, men av den sorten ein vel – fordi ein har lyst til å ha kvarandre i livet sitt ❤️

Og for ein mann me har fått ha med oss

Olav var ryddig, direkte, omsorgsfull og utruleg omgjengeleg. Han var morosam og hadde alltid ei god historie på lur. Han kunne prata med alle, og han var like dyktig med folk som han var med maskiner.

Me har hatt så gysla mykje kjekt i lag med Olav. Det har vore mykje skratting, mykje tull og gode historiar – både på jobb og ikkje minst når me har vore samla sosialt. Olav var rett og slett himla kjekk å ha med på laget ❤️

Olav var kanskje ikkje den alle medlemmane våre såg så ofte. Mykje av arbeidet hans skjedde i det stille og i bakgrunnen. Han hadde ansvar for service, vedlikehald og reparasjonar, og var det noko som ikkje fungerte, var Olav mannen me ringde. Han passa på at utstyret var i orden, at ting fungerte som dei skulle – og ikkje minst at det var trygt for alle som trente og jobba hos oss.

Men Olav var så mykje meir enn han som passa på utstyret. Han var engasjert i kollegaene sine, i treninga og i drifta av HT. Han brydde seg om HT og om oss. Han hadde meiningar, kom med innspel og var ein god og viktig støttespelar gjennom alle desse åra.

Og så var han ein petimeter av dimensjonar. 😅 Det har me nok til tider kunna smile av – men akkurat når ein har ansvar for maskiner og utstyr som hundrevis av menneske brukar, kunne me vel knapt vore heldigare. Ting skulle vere i orden. Skikkeleg i orden.

Slik var Olav ❤️

Midt i vår eiga sorg går tankane aller mest til Gunnvor, Kyrre og resten av familien hans. Dei har mista mannen sin, pappaen sin og ein av sine aller næraste. Me er så ufatteleg triste på deira vegne❤️

Olav sette avtrykk. Eit stort og godt avtrykk på arbeidsplassen vår og i alle oss som fekk ha han med på laget.

No blir det eit tomrom etter denne flotte mannen

Me kjem til å sakne historiene. Humoren. Den direkte talen. Omsorga. Engasjementet. Alt som skulle vere på stell. Og sjølvsagt mannen sjølv.

Me kjem til å sakne deg noko så innmari, Olav 💔

Takk for nesten 20 år
Takk for alt du var for HT

Og aller mest – takk for at du var ein av oss ❤️

👏 Først ein stor applaus til alle dykk som trenar jamt og trutt!De møter opp, gjer jobben og investerer i eiga helse – v...
19/08/2026

👏 Først ein stor applaus til alle dykk som trenar jamt og trutt!
De møter opp, gjer jobben og investerer i eiga helse – veke etter veke ❤️

Og snart kjem litt NY MOTIVASJON! 🙌

🔥 Måndag 31. august startar hausttimeplanen!
Mange og varierte timar, dyktige instruktørar, god rettleiing og masse treningsglede i lag.

Du bestemmer intensiteten – me hjelper deg med resten! 💪

Og til deg som har tenkt at no skal eg byrje:
VELKOMMEN! ❤️ Dette er ein perfekt anledning.

Me gler oss til ein ny treningshaust saman! 🙌 www.hardangertrening.no

15/08/2026
Velkomen på trening 😄
08/07/2026

Velkomen på trening 😄

FØRPREMIERE! 💪🔥Tysdag 30. juni inviterer me til førpremiere på eitt av våre heilt nye HT-konsept – HT STERK! Denne timen...
25/06/2026

FØRPREMIERE! 💪🔥

Tysdag 30. juni inviterer me til førpremiere på eitt av våre heilt nye HT-konsept – HT STERK! Denne timen er utvikla spesielt for deg som ønskjer å bli sterkare, få meir kraft i kvardagen og trene effektiv styrke i gruppe.

Kva er HT STERK?
På HT Sterk trenar me med litt tyngre vekter og færre repetisjonar enn på HT POMP. Målet er å utfordre musklane til å bli sterkare, samstundes som du får ei effektiv styrkeøkt på berre 30 minutt.
KVIFOR?
Denne typen styrketrening er noko av det mest effektive du kan gjere for kroppen. Ho kan bidra til:
💪 Meir styrke og muskelkraft
💪 Ein sterkare kropp som fungerer betre i kvardagen
💪 Betre balanse og stabilitet
💪 Sterkare skjelett
💪 Lettare å meistre tunge løft og fysiske oppgåver
💪 Meir overskot i kvardagen

Kort sagt – du trenar ikkje berre for å bli sterkare på trening, men for å bli sterkare i livet.

Kva er forskjellen på HT POMP og HT Sterk?
Begge timane er gode styrketimar – dei har berre litt ulikt fokus.

HT POMP
• lettare vekter
• fleire repetisjonar
• meir uthaldande styrketrening
• musklane jobbar lenge om gongen

HT Sterk
• litt tyngre vekter
• færre repetisjonar
• større fokus på styrke og muskelkraft
• effektiv trening på kortare tid

Dette er ikkje ei erstatning for HT POMP – det er eit nytt alternativ for deg som ønskjer å utfordre styrken din på ein annan måte.

Dobbel moro – to instruktørar!

Førpremiere med PT Elena og gruppetime-instruktør Lene.

Lene har mange års erfaring som HT POMP-instruktør, medan Elena er personleg trenar og har lang erfaring med styrketrening. Saman vil dei hjelpe deg med god teknikk, motivasjon og ei trygg og effektiv treningsøkt.

To instruktørar betyr:
✔ Tettare oppfølging
✔ Hjelp til god teknikk
✔ Trygg rettleiing
✔ Hjelp til å finne riktige vekter
✔ Høve til å utfordre deg litt ekstra – om du vil
✔ Meir motivasjon og treningsglede

Målet er at du skal få trene på best mogleg måte og oppleve meistring – uansett nivå.

Kven passar timen for?

HT Sterk passar både menn og damer.

Har du trena litt med stang og vekter før, vil du kjenne deg godt att. Har du ikkje det, er du likevel hjarteleg velkomen! Gje gjerne instruktørane eit lite hint før timen, så hjelper me deg trygt i gang. Endå betre er om du melder deg på gratis minikurs før timen: BLI TRYGG MED VEKTER OG STANG kl 18.30.

Timen er merka raud, fordi han er utvikla slik at du kan utfordre deg med litt tyngre vekter dersom du ønskjer det. Kor tungt du trenar, bestemmer du sjølv. Hos oss handlar det ikkje om å imponere andre – men om å utvikle seg i sitt eige tempo.

❤️ På Hardanger Trening er terskelen låg. Kanskje kjem du berre for å prøve timen, eller for å øve på teknikken? Det er faktisk både lov – og veldig lurt!

Me har utvikla HT Sterk fordi me veit at mange ønskjer å trene litt tyngre styrke, men synest det er tryggare og meir motiverande å gjere det saman med andre og med god rettleiing frå instruktørar. Her får du det beste frå begge delar – kvalitet, treningsglede og eit sosialt fellesskap.

Som alltid er treningsglede, meistring og eit inkluderande miljø det viktigaste for oss.

Meld deg på førpremieren tysdag 30. juni – me gler oss til å motivere deg til ein sterkare kvardag! 💪❤️

Nytt namn – same gode økta! HT Kraft og Puls er den nye Progressiv Sirkel 💪❤️Nokre av dykk har kanskje lagt merke til at...
20/06/2026

Nytt namn – same gode økta! HT Kraft og Puls er den nye Progressiv Sirkel 💪❤️

Nokre av dykk har kanskje lagt merke til at Progressiv Sirkel no heiter HT Kraft og Puls. 😊

Sjølve treninga du kjenner og likar er i stor grad den same, men me ønskjer at namnet skal fortelje tydelegare kva du faktisk får på timen.

💪 Kraft fordi du trenar styrke med funksjonelle øvingar som gjer deg sterkare i kvardagen.

❤️ Puls fordi du også får kondisjonstrening som utfordrar hjartet og lungene, og gir god treningseffekt på relativt kort tid.

Det gamle namnet beskreiv mest korleis timen var bygd opp. Det nye namnet fortel betre kva timen gir deg som deltakar.

HT Kraft og Puls er framleis:
✔️ Ei variert økt med både styrke og kondisjon
✔️ Tilpassa ulike nivå
✔️ Instruktør tett på som rettleier og motiverer
✔️ Effektiv trening der du får mykje igjen for tida du legg ned

Målet vårt med å endre navn er at det skal vere lettare å forstå kva timane våre inneheld, slik at du enklare finn treninga som passar for deg.

Velkomen til HT Kraft og Puls – ei økt som gjer deg både sterkare, sprekare og full av godkjensle! 💪❤️🔥

Adresse

Gamle Dalavegen 9
Norheimsund
5600

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardanger Trening legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardanger Trening:

Snarveier

Del