Førde IL Turn

Førde IL Turn

Del

Førde IL Turn driver med apparatturn og blei etablert i 2009. I 2019 er vi ca 250 gymnaster.

23/08/2026

💜 Reglar i turnhallen – saman skapar vi eit godt treningsmiljø 💜

For at alle turnarar skal oppleve tryggleik, meistring og turnglede, er det viktig at vi følgjer reglane i turnhallen.

Reglane handlar ikkje berre om orden og rutinar. Dei handlar først og fremst om: 🤸 Tryggleik på trening 🤝 Respekt for kvarandre 💜 Eit inkluderande fellesskap ⭐ Best mogleg læring og utvikling

Vi oppmodar både turnarar og føresette til å lese gjennom reglane våre og snakke saman om kvifor dei er viktige.

Mellom anna minner vi om: ✅ Følg beskjedar frå trenarane ✅ Møt presis til trening ✅ Mobiltelefonar skal liggje i garderoben ✅ Svar i Spond om du kjem eller ikkje ✅ Vis respekt for alle i hallen

Saman skapar vi eit trygt og positivt miljø der alle kan trivast og utvikle seg.

👇 Les alle reglane på heimesida.
https://turn.fordeidrettslag.no/next/blog/post/283437/reglar-i-turnhallen?ispage=true

💜🤸‍♀️🤸‍♂️

23/08/2026

💜 VIKTIG INFORMASJON TIL FORELDRE, FØRESETTE OG TURNARAR 💜

Vi har no publisert viktig informasjon om Førde IL Turn for den kommande sesongen.

Dei neste vekene vil vi oppdatere heimesida med meir informasjon slik at det blir enklare å finne det du treng om treningar, påmelding, arrangement, instruktørar og praktiske forhold.

✅ Hugs å laste ned og bruke Spond
✅ Hugs å registrere alle aktive turnarar i Min Idrett
✅ Les gjennom informasjonen om trening, oppmøte og medlemskap

Vi oppmodar alle foreldre og føresette til å ta ein titt på innlegget og halde seg oppdaterte framover.

🤸‍♀️ Saman skapar vi turnglede, meistring og fellesskap!

👇 Les innlegget her: https://turn.fordeidrettslag.no/next/blog/post/283421/velkomen-til-foerde-il-turn---viktig-informasjon!-?ispage=true

- Sommarferieturn 2026 01/06/2026

SOMMARFERIETURN 2026 🤸‍♀️🤸‍♂️

Førde Turn har gleda av å invitere til Sommarferieturn i veke 26, 27 og 33!

Tilbodet passar både for aktive turnarar og for barn som ønskjer å prøve turn for aller fyrste gong. Dette er ei gyllen moglegheit for barn som står på venteliste, eller som er nysgjerrige på turn, til å bli kjend med sporten og oppleve turnglede i løpet av sommaren.

Vi legg opp til varierte dagar med mykje aktivitet, leik og meistring!

📅 Måndag–fredag
⏰ Kl. 09.30–14.30

Kvar dag blir det: turnøkter, leik og aktivitetar!

Tysdag i veke 26, 27 og 33 tek vi turen til Saltosentralen, halv dag. Levering skjer på Saltosentralen denne dagen, og deltakarane går tilbake til hallen etterpå. Lunsj er inkludert.

Vi gler oss til aktive og kjekke sommardagar ☀️

Påmelding:

- Sommarferieturn 2026 Sommarferie med Førde TurnFørde Turn har gleda av å invitere til Sommarferieturn i veke 26, 27 og 33!Tilbodet passar både for aktive turnarar og for barn som ønskjer å prøve turn f...

07/05/2026

🤸‍♀️ SOMMARFERIE MED FØRDE TURN 🤸‍♂️

Er du klar for aktive og morosame sommardagar? ☀️
I veke 26, 27 og 33 inviterer Førde Turn til sommarferieturn for barn som likar aktivitet, leik og nye utfordringar!

Her blir det:
✨ Turn og rørsleglede
✨ Leik og nye vennskap
✨ Meistring for både nybyrjarar og aktive turnarar
✨ Kjekke dagar fylt med energi og moro

📅 Måndag–fredag kl. 09.30–14.30
🥪 Inkluderer lunsj i Saltosentralen
📍 Pris: 1350,-

Plassane kan fyllast raskt – meld på ved å skanne QR-koden på biletet 💜

- Sommarferieturn 2026 29/04/2026

Sommarferieturn 2026 🤸‍♀️
I veke 26, 27 og 33 inviterer vi til kjekk og aktiv sommarferieturn!
Kvar tysdag i desse vekene har vi booka Saltosentralen.

Påmeldinga er no open! 🌞

- Sommarferieturn 2026 Førde IL Turn har gleda av å invitere til sommarferieturn i veke 26, 27 og 33!Tilbodet er for både aktive turnarar og for dei som ikkje har turna tidlegare.I veke 26, 27 og 33 er d...

19/04/2026

Vi har vore på turnstemne i helga, og det har vore ei heilt fantastisk oppleving 🤸‍♀️
Ungane har vore utruleg flinke – både lydige, inkluderande og gode med kvarandre.

Dei har vist stor innsats, vore sosiale, snille og skapt ei kjempegod stemning gjennom heile helga.🥰

I tillegg er vi veldig stolte over resultata: Førde tok ein solid 3. plass, 2 plass og ein imponerande 1. plass! 🏆
Alle som deltok har gjort ein strålande jobb!
Tusen takk til alle som har bidratt – dette er ei helg vi kjem til å hugse lenge! 💛

31/03/2026

Nye krefter i styret i Førde Turn!

Etter heile 7 år som styreleiar takkar vi no Kariann Husevåg Løland for ein fantastisk innsats!

Kariann har leia Førde Turn på ein framifrå måte og hatt stø kurs gjennom mange år. Vi kjem til å sakne det gode humøret hennar, tålmodigheita og all kunnskapen ho sit på. Tusen takk for det gode og viktige arbeidet du har lagt ned for klubben! 💙

Samtidig er vi svært glade for å ønskje Ole Johnny Devik velkomen som ny styreleiar. Vi har stor tru på at han vil gjere ein god jobb for klubben i tida framover. Ta godt imot Ole Johnny!

Vi ønskjer også velkomen til Øystein Sellevold som nytt styremedlem og Julie Fossheim Lykkebø som vara ungdomsrepresentant.

Styret i Førde Turn består no av:
• Leiar: Ole Johnny Devik
• Kasserer: Arne Sæterbakken
• Sponsoransvarleg: Kim Ronny Lykkebø
• Styremedlem: Karoline J Vågsholm
• Styremedlem: Elisabeth Flo Kyrkjebø
• Styremedlem: Sarita Williams
• Styremedlem: Øystein Sellevold
• Ungdomsrepresentant: Ariel Fonn
• Vara ungdomsrepresentant: Julie Fossheim Lykkebø

Til slutt vil vi rette ein stor takk til valnemnda for godt og grundig arbeid.

Vi gler oss til vegen vidare saman! 🤸‍♀️

Vi ønskjer alle våre medlemmar ei riktig god påske! 🐣

18/03/2026
26/01/2026

Ikkje hugsa å melde deg/ barn/barnebarn på Vinterferie turn enda ? Påmeldingsfrist på onsdag 11.02 så hiv deg rundt 🙂

HUGS PÅMELDING TIL VINTERFERIE TURN
Spre bodskapen til både turnere og andre som vil prøve turn - dette er for alle.

16/01/2026

💙 TUSEN TAKK! 💙

Førde Turn har fått tildelt heile 286 000 kroner frå dugnadsarbeidet under VM i vektløfting i Førde og vi er både overraska, takknemlege og utruleg glade!

Vi ønskjer først og fremst å rette ein stor applaus til VM-gjengen som har arrangert eit så imponerande, profesjonelt og stort meisterskap. For eit løft for Førde og for frivilligheita! 👏

Samtidig vil vi skryte av dugnadsgjengen vår 💪
Dugnadstimane blei fordelte på foreldre som stilte opp, tok ansvar og gjorde ein fantastisk jobb. Innsatsen deira viser kva vi kan få til når vi jobbar saman. Dette er frivilligheit på sitt beste!

Pengane vil gå til å:

- bidra til at vi kan halde kontingenten nede i 2026
- investere i nytt utstyr i hallen

Summen kjem svært godt med, og vi tek imot han med stor takknemlegheit 💙
Dette set vi enormt stor pris på!

Bilde: Førde IL Turn styret (minus Sivert Rømo, Ariel Fonn)
Fv Arne Sæterbakken, Elisabeth Flo, Kariann Løland, Sarita Williams, Kim Ronny Lykkebø, Karoline Vågsholm.

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Førde?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Adresse


Førde
6800