28/08/2026
Informasjon om oppstart og generell info til elevar og føresette er sendt på mail til føresette.
Gje beskjed om de ikkje har motteke denne. Oppstart neste veke 31. august - 3.sept :)
Vi gler oss :)
24/08/2026
Påmeldinga er opa. Dei raude gruppene er fulle og har ventelister, Dei grønne gruppene er ledige. Føresette kan melde på her: https://nodansutengrenser.speedadmin.dk/registration #/
17/04/2026
Kjøp bilettar her: https://fordehuset.no/dans-uten-grenser-fy25gft/
"Ei tidsreise"
Dans Uten Grenser Førde inviterer til vårframsyninga "Ei tidsreise".
Bli med Adrenalin og elevar på ei spennande reise gjennom tid og dans- frå fortid til notid, og kanskje eit glimt av framtida. Gjennom rytme, rørsle og uttrykk tek dansarane deg med på ei oppleving fylt av energi, kreativitet og danseglede. Framsyninga passar for alle aldersgrupper- ta med familie og vener.
Velkommen til ei framsyning du ikkje vil gå glipp av.☺️
22/03/2026
Vil du eller kjenner du nokon som kunne tenkje seg å bli instruktør i Dans Uten Grenser Førde?
I vår skal vi arrangere Prøvedans igjen. Informasjon til elevar og føresette er sendt ut til elevar som er i målgruppa (fødd mellom 2010 og 2014), på e-post.
Vi har også laga denne digitale versjonen, slik at gutar og jenter, som ikkje er elevar hjå oss kan få melde seg på, dersom dei ynskjer det.
Skann qr kodane eller bruk linkane under.
INFORMASJON: https://docs.google.com/document/d/1SRQwtviaNnMLkXdDoDPH02JtVhwo7_Dl/edit?usp=sharing&ouid=104607733632734985475&rtpof=true&sd=true
PÅMELDING:
https://forms.gle/9cJ2m3VBVYxMVLD36
(bildet er ai-generert)