Ørsta og Volda Ballettskule

Ørsta og Volda Ballettskule

Del

Ørsta og Volda Ballettskule er ein foreldredriven ikkje-kommersiell ballettskule på Sunnmøre med ca 340 elevar: hiphop, jazz, klassisk, og contemporary.

Danseglede sidan 1986!

Ørsta og Volda Ballettskule er ein foreldredriven, ikkje-kommersiell ballettskule på Sunnmøre. Vi har to dansepedagogar i full stilling og fem assistentar. Skulen har 340 elevar fordelt på klassisk ballett (120 elevar), contemporary (55), jazzballett og hip hop (270) og musikkteater (25). Elevane er i alderen 5 - 21 år og fleire elevar dansar i fleire disiplinar. Ballettsku

23/08/2026

Ledig dansetime på J 1 i Ballettskulen på torsdagar kl 17:55.
Dette tilbodet er for jenter og gutar fødde 2019, 2020
Timen er på 45 minutt.
Kontakt Ballettskulen på mobil 91326967 med melding, eller på [email protected]

Helsing Synnøve

28/06/2026

Ørsta og Volda ballettskule ønskjer å rette ei stor takk til avgangselevane våre. Desse fem har dansa ved ballettskulen sidan dei var små, og gjennom åra har dei gitt oss utallige flotte danseopplevingar.

Vi er svært stolte av dykk, og det har vore ei glede å få følgje utviklinga dykkar – frå dei første dansestega til dei dyktige dansarane de er i dag.

Vi ønskjer dykk alt godt vidare på livsvegen, og vonar de tek vare på danseglede og lidenskap også i åra som kjem ❤️

På biletet ser de dansarane i rollene deira frå Harry Potter-framsyninga i juni. Frå venstre: Alette Myrhol, Ylva Thorine Thon, Ragna Hofset Kile, Anne Stave og Amalie Svastuen.

27/06/2026

Denne veka har vi arrangert Sommardans og hatt stinn brakke både av dansarar og publikum.

Vi syns det var ekstra gledeleg at det var tre av våre tidlegare dansarar som var lærarar og koreografar ❤️
Malin, Ronja og Yulia dokke e fantastiske!

Takk også til Rebekka, Johanna, Solveig, Laura og Tuva som var supre assistentar.
No tek vi sommarferie og gler oss til august

Malin og Ronja vart superstjerner for borna då dei kom heim for å undervise på sommarskule 💃🕺👇🏻

13/06/2026

Hei.
Er det nokon som har ledige billettar til Harry Potter framsyninga i dag og i morgon.
Om så, kan de legge inn her.
Takk.

Ørsta kulturhus | Forside 12/06/2026

Hei alle Harry Potter fan.
Ballettskulen har opna for sal av billettar på Generalprøva i dag.
Generalprøva er kl 17:00.
Ei fabelaktig framsyning.
Den siste danseframsyninga til Ballettskulen på Ørsta Kulturhus.
Nytt høvet.
Koreografar er Regine Berg-Rusten og Susanne Stark.
Scenografi og projeksjon er ved Jiri Nagy.

Gå inn på

Ørsta kulturhus | Forside Ørsta kulturhus

31/05/2026

Denne veka har vi hatt gjennomkjøring av begge vårshowa våre.
Ariel, den vesle havfrue har premiere på førstkomande laurdag kl 16, pluss at vi har eit show på søndag kl 12.
Desse billettane er allereie lagt ut her:

https://www.orsta.kulturhus.no/volda-orsta-ballettskule-ariel-den-vesle-havfrua-ji21doz/

Helga 13. og 14. juni set vi opp Harry Potter med våre jazz-, hiphop- og latinoelevar. Videoen er frå øvinga igår.

Desse billettane kjem for sal på onsdag. Vi minner om at vi har open café begge desse helgene, så om du skulle ha lyst på kaffi og kake laurdag eller søndag dei neste to helgene, er det berre å stikke innom oss på Ørsta kulturhus og kino Vel møtt 💞🧑‍🩰🩰

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Ørsta?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Sted

Telefon

Nettsted

Adresse


Kyrkjegata 73
Ørsta
6150