22/08/2026
1. September går klubbjakkene på bestilling! Vær rask å besøk Syver på Sport 1 Ørsta AS å skriv deg på lista før den tid!
Sunnmørsk Klatreklubb vart skipa i 1974. Klubben driftar klatrehallane i Ørsta og Volda. Sunnmørsk Klatreklubb er ein klubb for alle som vil klatre på Sunnmøre.
For nyhende og meir informasjon om SKK, sjå heimesida vår: https://sunnmorsk-klatreklubb.no/
22/08/2026
1. September går klubbjakkene på bestilling! Vær rask å besøk Syver på Sport 1 Ørsta AS å skriv deg på lista før den tid!
19/08/2026
Har du enno ikkje tinga deg ei klubbjakke må du gjere det straks!
Besøk Sport 1 Ørsta i gågata for å prøve jakka å skrive deg på liste. Bestillinga går snart!
17/08/2026
Denne veka opnar vi drop-in igjen etter sommaren! Opningstidene er:
Volda:
Mandagar og onsdagar - 17:00-20:00
Ørsta:
Tysdagar og torsdagar -17:00-20:00
Vaktene er til stades for å passe på tryggleiken, sikre den som har behov for det.
Vel møtt!
11/08/2026
Æresmedlem Tore Lundberg ligg ikkje på latsida. Her er ei oppdatering på nye ruter og boltar på Hide/Blåfjell.
10/08/2026
Bli vakt i klatrehallen!
SKK treng vaktar til drop-in! Sunnmørsk Klatreklubb er avhengig av frivillige som stiller som vakt under drop-in i klatrehallane i både Volda og Ørsta. Som vakt får du dekt treningsavgifta for klatrehallane den tida du er vakt, og du vert ein del av eit større klatrefellesskap! Vakta går over to timar, ein dag i veka. Me h...
29/07/2026
Det mekkast nye problem i buldringa i Ørsta denne veka. Arbeidet gjeng føre seg i rykk og napp og kjem til å vere klart til fredag ettermiddag. Gjer vel å ikkje klatre på veggen (pga potensielt usikra grep) før det er klart 😜
02/07/2026
Klubbjakke 2026!
🔥Mountain Equipment Jorasses Hooded Jacket i svart.🔥
Kva er vel kulare en ei klubbjakke med SKK logo på?
Ta turen innom Sport 1 Ørsta i gågata å prøv jakka, skriv deg opp på størrelse så tek vi ei felles bestilling i August.
Pris for SKK medlemmar er 1350,- for jakka (førpris 1899,-) og eit lite pristillegg for logotrykk.
Som medlem i Sunnmørsk Klatreklubb har du 20% på klatreutstyr hjå Sport 1 Ørsta AS.
På bileta ser du styreleiar Sivert med herremodellen i medium storleik.
29/06/2026
KOPPHAMMAREN - Norangsdal
Det har kome inn melding frå ein klatrar ;
“Loose block of stone near the top on the route “Midtsida 6+”.
Everybody be careful, both climber and belayer.
Now marked with X with chalk”
Ingen grunn til panikk, men bruk hjelm og ha med deg vitet når du klatrar. Om nokon besøkar feltet kan ein forsøke å fjerne den aktuelle steinen.
Klatrehallen i Ørsta er no stengt for sommaren, og opnar att i august. Ha ein god klatresommar!