Åtil fotball

Åtil fotball

Del

Åtil fotball en del av hovedlaget Årdalstangen idrettslag

Photos from Åtil fotball 's post 11/07/2026

Før me tok heilt sommarferie var styremedlem Mia Heggheim innom til Ann Merete Sviggum, leiar i SGO ved Tangen skule, for å takka for eit heilt fantastisk fint samarbeid rundt fotball-SFO som me har hatt gjennom vinteren. Kvar veke har a-laget vårt stilt opp som instruktørar og hatt omtrent heile SFO i sving, det er ve veldig krye over. 😍

Samstundes fekk me også melding frå Hydro om at dei har løyvd heile 20.000 kroner til dette prosjektet gjennom «Støtt lokalsamfunnet», noko me er utruleg takksame for. Me ynskjer alle ein skikkelig flott sommar og gledar oss til haustsesongen! ⚽️🥳

05/07/2026

VÅRE BESTE MENN

Dette historiske lagbildet som me har funne i speakerbui har ein direkte link til dagens VM-kamp - kan du hjelpa oss med å finna den? Kvar er bilde teke? Var du der, kanskje? Kjenner du nokon av desse staute karane? Hugsar nokon resultatet?
Vis det til alle du kjenner, tagg gjerne og hjelp oss med å få lagoppstillinga på plass. Alle som svarar, deler, likar og kommenterer er med i trekninga av ein Drillo-is! ⚽️🇳🇴

Photos from NFF Sogn og Fjordane's post 01/07/2026

Me ynskjer ALLE ein knallfin sommar! ⚽️☀️🇳🇴

12/06/2026

Regnbogeflagget vaiar vakkert over Cuba i desse dagar, her hadde samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Lærdal besøk av Vik i går, det enda med 2-0-siger og full jubel. 🥳
Takk for kampen, Stig Roar Hovland og vikjene, takk for kampen til dommar Synnøve, solid og sterk som alltid, og tusen takk til alle som var med oss på Cuba denne fine sommarkvelden. 💪🏻⚽️
I morgon laurdag er det ny kamp her på den flotte grasmatta vår, ÅFK2/Jotun spelar mot Eikefjord/Florø 2 klokka 14.00 - velkommen!
NFF Sogn og Fjordane

11/06/2026

Stikk innom Cuba stadion i dag, det er ikkje VM, men det er minst like seriøst og minst like moro. Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Lærdal J13/14 får besøk av Vik frå klokka 18.30. Kom og bli med oss eit par trivelege timar, kaffi og kake blir å få kjøpt! ⚽️ Me ynskjer spelarar og trenarar, støtteapparat, publikum og dommar hjertelig velkommen! 😍
NFF Sogn og Fjordane

18/05/2026

Hurra - årets første kamp på graset på Cuba, det er det høgtid over. Samarbeidslaget Lærdal/ÅTIL/Jotun i J13/14-klassen hadde besøk av nokon bra damer frå Hafslo mandag kveld. Det enda 2-1 til heimelaget etter ein tøff og jevn kamp. 😅💪🏻
Takk for kampen, Hafslo - og takk for kampen dommar Jan Eik Ibsen og linjene Natnael Meried og Adrian Luggenes Otterdal - og takk til alle som var med oss på Cuba i kveld. NFF Sogn og Fjordane

18/05/2026

Mykje kjekt i vente på Cuba denne veka - kom innom allereie i kveld, der jentene på samarbeidslaget Lærdal/ÅTIL/Jotun får besøk av Hafslo!
Me har kiosk og nymerkt grasbana - hjertelig velkommen, alle!

Photos from IL Jotun fotball's post 12/05/2026
Photos from NFF Sogn og Fjordane's post 24/04/2026

⚽️❤️

19/04/2026

Liam Rivedal Andersen, Jan Eik Ibsen og Olai Torgersen Fredsvik brukte søndagen på å dømma kamp på Jotun stadion i G13/14-klassen, der heimelaget til sist vann 9-4 over Vik. Takk for kampen, alle! ⚽️ NFF Sogn og Fjordane

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Årdalstangen?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Telefon

Adresse


Årdalstangen
6885