09/06/2025
Denne helga stilte Harald til start i gokartløpet hos NMK Sunnfjord, og leverte ein solid innsats – trass i mykje motgang.
💦 På obligatorisk trening i regnvêr viste Harald at han trivst på vått føre, og køyrde inn til 3. beste tid. Sterkt!
🔧 Etter det byrja motoren å fuske meir og meir, og han mista rett og slett kraft.
📊 På tidkøyringa blei det ein 13. plass, og i første innleiande finale blei det mykje klabb og babb i startfeltet, og Harald fekk fanger og tidsstraff.
⬆️ I andre innleiande finale, med fortsatt svak motor, klarte han likevel å køyre seg opp to plassar – imponerande innsats!
🔄 Før finalane bytta vi motor, men den nye motoren fungerte dessverre heller ikkje optimalt.
🏁 Finale 1 starta han frå P11, og i finale 2 frå P9. Trass i motorplager køyrde Harald godt, og kom i mål som nummer 7. Han sleppte lagkompis Mika forbi mot slutten, så det kunne blitt ein 6. plass.
Dette er Harald sin beste plassering nokon gong, me fortsetter å trene og gler oss til neste løp! 💪🏎️
Takk til mekaniker Svein, sprek bestemor som var med som kokk og Sindre for lån av utstyr!
Tak sponsorer
Agder Press
Framlent As