Stord Golfklubb

Stord Golfklubb

Del

Vestlandets fineste 9 hulsbane. Eit supert miljø for store og små. Me ønsker alle velkommen i klubben

31/08/2026

Medlemstreningane våre med Lucas kvar torsdag kl. 16.30 har vore ein stor suksess, og plassane fyller seg raskt opp!

For at endå fleire skal få moglegheita til å bli med, har me no lagt ut ekstra treningar nokre måndagar framover, i tillegg til dei faste torsdagstreningane. 😊

Treningane vil ha ulike tema frå gong til gong, slik at du kan melde deg på det du ønskjer å trene ekstra på. 🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Sjå tema og tidspunkt, og meld deg på i GolfBox / gimmie under "lokale turneringar". Ver rask, plassane fyller seg fort!

Lucas er fast hos oss kvar måndag og torsdag, og dersom du ønskjer privattime/eiga leksjon, er det berre å ta kontakt med han direkte på tlf. 90405322

Velkommen på trening! ⛳️🙌

28/08/2026

Denne helga skal me arrangere klubbmeisterskap på Stord Golfklubb. I lys av den triste beskjeden om Kong Haralds bortgan ønskjer me å gjennomføre helga i noko rolegare og meir dempa former enn vanleg.

Kong Harald var sjølv svært glad i idrett og friluftsliv, og har gjennom eit langt liv vore ein viktig representant for norsk idrett og det norske fellesskapet.

Me skal framleis samlast om golfen og kåre årets klubbmeistrar, men denne helga gjer me det med litt ekstra ro og respekt.

28/08/2026

⚠️ Viktig informasjon om hol 7

Me har tidlegare informert om at det ikkje er tillatt å gå direkte for green frå utslaget på hol 7. Etter ei avklaring med NGF har me fått stadfesta at me ikkje kan ha ein lokal regel som bestemmer korleis eit hol skal spelast eller kva slag ein spelar kan velje å slå.

Me endrar derfor teksten på skiltet og fjernar dette som eit forbod.

MEN, det betyr ikkje at utfordringa på hol 7 er blitt mindre, eller at ein ikkje har ansvar for å spele på ein forsvarleg måte.

Me oppfordrar framleis på det sterkaste til å ikkje forsøke å nå green direkte frå utslaget.

Dersom det kjem fleire ballar over nettet, ser me dessverre ikkje anna løysing enn å stenge hol 7 og etablere ei mellombels/provisorisk løysing fram til me har fått på plass eit endå høgare sikringsnett.

Me ønskjer at alle skal forstå kva konsekvensane kan bli dersom holet ikkje blir spelt på ein trygg og omsynsfull måte. Me håpar verkeleg å sleppe å stenge eller endre holet, men sikkerheita kjem først.

Samtidig kjem klubben til å ta eit ekstra tak når det gjeld åtferd og ansvar på golfbana generelt. Me er blitt ein stor klubb med svært mange medlemmar, og me opplever dessverre også fleire episodar og situasjonar, både på vår eiga bane og når våre medlemmar besøkjer andre klubbar.
Styret er derfor i gang med å etablere ein disiplinærkomité. Komiteen skal bidra til å følgje opp hendingar knytt til mellom anna uansvarleg eller farleg spel, brot på klubben sine reglar og retningslinjer, og åtferd som ikkje er i tråd med det me forventar av medlemmane våre.
Komiteen skal også bidra til at slike saker blir behandla på ein ryddig og lik måte.

26/08/2026

No har det dessverre kome ball over nettet på hol 7 igjen.

Me må vere veldig tydelege på dette: Det er IKKJE lov å gå for green frå dette utslaget! ⛳️🚫

Om ikkje alle begynner å vise meir forsiktigheit og vett på dette utslaget, kan det få skikkeleg kjipe konsekvensar – både for den enkelte spelaren og for klubben.

Me har sett opp endå tydelegare skilting på utslaget. Respekter skiltinga. Det er ditt ansvar kvar ballen din hamnar.

Hjelp oss å unngå at dette blir eit større problem enn det treng å vere. 🙏⛳️

22/08/2026

📱 Har du oppdaga Communities i Gimmie? ⛳️

Visste du at me har oppretta fleire eigne grupper for medlemmane våre i Gimmie? 🙌

Her kan du blant anna finne damegruppa, seniorgruppa, gruppe for nye medlemmar og "Finn nokon å spele med" i tillegg til ein plass for litt generell golfprat. 😊

Communities skal gjere det enklare å bli kjent med andre i klubben, finne nokon å spele med, stille spørsmål og halde kontakten med klubbmiljøet.

Slik finn du gruppene:

Opne Gimmie-appen📲
Trykk på Communities heilt nede i venstre hjørne
Finn Stord Golfklubb, og trykk deretter på Søk i Communities heilt oppe i høgre hjørne 🔍
Her får du opp dei ulike gruppene klubben har oppretta
Vel gruppa eller gruppene du ønskjer å bli med i 🙌

💡 Saknar du ei gruppe? Har du forslag eller ønske om ein eigen Community for eit tema eller ei gruppe i klubben, så gi oss gjerne ein lyd! Me opprettar gjerne fleire dersom det er interesse for det. 🙌

Photos from Stord Golfklubb 's post 21/08/2026

Denne helga er det svært mange golfklubbar rundt om i landet som arrangerer klubbmeisterskap. Hos oss har me, etter ønske frå fleire av medlemmane våre, valt å flytte meisterskapet éi helg fram i tid.

Grunnen er den svært populære Puttefestivalen, som i mange år har kollidert med klubbmeisterskapshelga. Mange foreldre, søsken og besteforeldre på Stord er involverte i fotballturneringa, og for fleire har det gjort det vanskeleg å delta hos oss.

Men neste helg, 29. og 30. august, smeller det på Stord Golfklubb! ⛳️🔥

Då skal me kåre årets klubbmeister for damer og herrar. I fjor var det Sindre Trovåg og Kanitha Hartvigsen som kunne løfte pokalane, kven blir det i år? 🏆

I tillegg til hovudklassane har me fleire andre klassar ein kan konkurrere i. Er du kvalifisert til fleire klassar og desse blir spela frå same tee, er du automatisk med i fleire klassar. Det betyr at klubbmeisterskapet absolutt ikkje berre er for dei aller beste, me håpar å få med golfarar i alle aldrar og på ulike nivå! 🙌

No er det berre å krysse fingrane for at vêret blir like bra som det ser ut til å bli denne helga ☀️ og at me får rekordmange deltakarar på startlista!

I tillegg til heider og ære får årets klubbmeistrar invitasjon til å representere Stord Golfklubb i Klubbmesternes Mester på Miklagard GK 12. september! ⛳️🏆

Meld deg på og bli med på ei av dei kjekkaste turneringshelgene i året! 💚

Påmelding i golfbox: https://tourentry.golfbox.dk/?cid=5547786

19/08/2026

⛳️ Minnar om Torsdagsscramble i morgon! ⛳️

🏌️‍♀️🏌️‍♂️ 2-mannslag
⏰ Fellesstart kl. 18.30

Meld deg på i GolfBox, enten åleine, så finn me ein makker til deg, eller saman med ein venn! 😊

I

11/08/2026

Me startar opp att med faste medlemstreningar med Lucas , kvar torsdag kl. 16.30–17.30!

Treningane er opne for alle medlemmar, uansett nivå, og det blir ulike tema frå gong til gong. Perfekt både for deg som er fersk og for deg som vil finjustere spelet! 🙌

🏌️ Ulike tema kvar torsdag
⛳ Ope for alle, uansett nivå
🟢 Gratis rangeballar under treninga
💰 Eigenandel: 100 kr per trening
📲 Påmelding i GolfBox under "Turneringar"

I GolfBox finn du også meir informasjon om temaet for den enkelte treninga.

Det er avgrensa tal på plassar, så her er det førstemann , og førstedame, til mølla! 😄

Vel møtt til ein kjekk treningstime med Lucas! ⛳

20/07/2026

☀️ Bli med på årets siste Sommartour! ☀️

I morgon kl. 17.00 går den aller siste Sommartour-turneringa av stabelen, og denne gongen spelar me vanleg Scramble i 2-mannslag! 🏌️‍♂️🏌️‍♀️

Scramble er ei sosial og kjekk speleform som passar både nye og erfarne golfarar, så ta med deg ein makkar og bli med!

👉 Meld dykk på her:
https://tourentry.golfbox.dk/?cid=5716512

13/07/2026

🏌️ Bli med på Sommartour 3!⛳

Denne gongen spelar me 2-manns Bestball (slagspel) , ei sosial og kjekk speleform som passar både nye og erfarne golfarar.

Begge spelar sin eigen ball heile runden, men på kvart hol er det berre det beste resultatet på laget som tel. Turneringa blir spela med 90 % spelehandicap.

⛳ Fellesstart kl. 17.00 i morgon⛳
Meld deg på her:
https://tourentry.golfbox.dk/?cid=5716511

Vil du plassere din bedrift på toppen av Gym-listen i Stord Island?

Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Type

Adresse

Tyse 41
Stord Island
5414